Utstilling på Visibility – Exhibition at Visibility

(English version below)

Musikk- og videoinstallasjonen «I himmelsynet» vert igjen å sjå utstilt i Bergen sentrum. Denne gongen saman med ei rekke andre verk i høve «Visibility – the International Illustration Venue», ein konferanse arrangert av Kunst- og designhøgskulen i Bergen og Grafill. http://globe.khib.no/visibility/exhibitions.html

“I himmelsynet” er eit kunstprosjekt som utforskar det lidande mennesket sin relasjon til seg sjølv, til Gud og til utfordringane med å vera kronisk sjuk. INstallasjonen var første gong utstilt på Lepramuseet, Bymuseet i Bergen i 2013 og er laga av kunstnarisk leiar i prosjektPRISME og høgskulelektor Ruth Mjanger (NLA Høgskolen), i samarbeid med førsteamanuensis Odd Torleiv Furnes (NLA), førsteamanuensis Torkell Bernsen (KDIH) og høgskulelektor Sverre Stokke (NLA).

På striledialekt er himmelsynet fjellet i «syninga», det fjellet som er lengst borte i horisonten, skillet mellom himmel og jord.

Med utgangspunkt i landskapet i ei dyne tek ein del i ei indre reise gjennom skiftande terreng. Reisa vekslar mellom ro og uro, jord og himmel, drøm og verkeleghet, håp og fortviling.

Inspirasjonen til prosjektet kjem frå Mjanger si eiga oppleving med kronisk sjukdom og hennar ynskje om å skapa ei kunstnerisk oppleving som inviterer til ærlege samtalar om livsvandringa. I eit samfunn der ein kan undra på om menneskeverdet ligg i midjemålet, er installasjonen eit bidrag til å reflektera over korleis ein kan søkja uthaldenheit, livsmot og styrke i det indre mennesket og i ei gudstru. «I himmelsynet» gjev ikke nødvendigvis ny kunnskap om sjukdom, men inviterer til å sjå menneskelig erfaring i ein større samanheng.

Adresse: Bergen Kjøtt, Skuteviken. Kafe med forfriskninger i 1.etasje

Torsdag 6. November 17:00 – 23:00 (Opning av utstillinga kl. 18. Konfersanseprogram ca. kl. 20 – 23)            
Fredag 7. November 17:00 – 24:00 (Konferanseprogram fra kl. 20-24)            
Lørdag 8. November 12:00 – 18:00

The music and video installation «In Sight of Heaven» will again be exhibited in Bergen, as a part of the exhibition at «Visibility – the International Illustration Venue», a conference hosted by Bergen Acadamy of Art and Design and Grafill,  

Venue: Bergen Kjøtt, Skuteviken. For  opening hours, see http://globe.khib.no/visibility/exhibitions.html 

«In Sight of Heaven» is an art project that explores the suffering human’s relation to itself, to God and to the challenges of being chronically ill. The Norwegian title of the installation, «I himmelsynet» refers to the most distant mountains, the boundary between heaven and earth.

«In Sight of Heaven» is made by Ruth Mjanger, Arthistic Coordinator of prosjektPRISME and assistant professor at NLA University College, in cooperation with Torkell Bernsen (Bergen Academy of Art and Design), Odd Torleiv Furnes (NLA) and Sverre Stokke (NLA). The installation was exhibited at The Leprosy Museum, Bergen Museum, summer 2013.

The inspiration to the project is grounded in Mjangers own experience with a chronicle disease and in her wish to create an artistic experience that calls upon honest conversations about the journey of life. In a world where human worth seems to be measured by the waist size, the art installation is a contribution to reflection on how man can also seek mental and spiritual endurance, patience and strength. “In Sight of Heaven” does not necessarily provide new knowledge about illness, but it invites you to see human experience in a vaster context.

 

Reklame
This entry was published on november 5, 2014 at 22:01 and is filed under Uncategorized. Bookmark the permalink. Follow any comments here with the RSS feed for this post.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: