(for English text – scroll down)
“I himmelsynet” er eit kunstprosjekt som utforskar det lidande mennesket sin relasjon til seg sjølv, til Gud og til utfordringane med å vera kronisk sjuk.
Musikk- og videoinstallasjonen er laga av Ruth Mjanger, høgskulelektor ved NLA Høgskolen Bergen, i samarbeid med Torkell Bernsen, Odd Torleiv Furnes og Sverre Stokke. Kunstinstallasjonen opnar 15. mai kl. 14 på Lepramuseet i Bergen (for inviterte gjestar) og vert å sjå fram til 31.august.
På striledialekt er himmelsynet fjellet i «syninga», det fjellet som er lengst borte i horisonten, skillet mellom himmel og jord.
Med utgangspunkt i landskapet i ei dyne tek ein del i ei indre reise gjennom skiftande terreng. Reisa vekslar mellom ro og uro, jord og himmel, drøm og verkeleghet, håp og fortviling.
Lepramuseet i tidlegare St. Jørgens Hospital er i dag eit unikt godt bevart sjukehusmiljø frå 1700-talet og blant dei få bevarte leprasjukehus i Nord-Europa. Den dystre hovudsalen, dei små pasientromma, kyrkjerommet og historia til dei menneska som levde her, gjev publikum moglegheit for eit møte mellom fortellingane som sit i veggene i Lepramuseet og fortellingane i kunstinstallasjonen. Slik kan «I himmelsynet» vera med å bygga bru mellom forståinga av gudstru hjå det lidande mennesket før og no.
Inspirasjonen til prosjektet kjem frå Ruth Mjanger si eiga oppleving med kronisk sjukdom og hennar ynskje om å skapa ei kunstnerisk oppleving som inviterer til ærlege samtalar om livsvandringa. I eit samfunn der ein kan undra på om menneskeverdet ligg i midjemålet, er installasjonen eit bidrag til å reflektera over korleis ein kan søkja uthaldenheit, livsmot og styrke i det indre mennesket og i ei gudstru. «I himmelsynet» gjev ikke nødvendigvis ny kunnskap om sjukdom, men inviterer til å sjå menneskelig erfaring i ein større samanheng.
Ynskjer du meir informasjon, ta kontakt med:
Ruth Mjanger (35), kunstnarisk leiar i prosjektPRISME
tlf. 92054355, ruth.mjanger@nla.no
Bymuseet i Bergen, Lepramuseet – Kong Oscars gate 59
15.mai – 31.august – Opningstider kl 11- 15 (16 i juli)
Voksne kr. 70 Studentar kr. 35 Barn gratisEigne gruppeprisar
In Sight of Heaven
«In Sight of Heaven» is an art project that explores the suffering human’s relation to itself, to God and to the challenges of being chronically ill. The Norwegian title of the installation, «I himmelsynet» refers to the most distant mountains, the boundary between heaven and earth.
The Leprosy Museum is a natural host for “In Sight of Heaven”. The gloomy main hall, the small patient rooms, the church and the story of the people who lived here, provides an opportunity to see the stories of the art installation in relation to the stories inside these very walls. “In Sight of Heaven” can help building a bridge between the understanding of faith in the suffering human in the past and the present.
«In Sight of Heaven» is made by Ruth Mjanger, Arthistic Coordinator of prosjektPRISME and assistant professor at NLA University College, in cooperation with Torkell Bernsen (Bergen Academy of Art and Design), Odd Torleiv Furnes (NLA) and Sverre Stokke (NLA).
The inspiration to the project is grounded in Mjangers own experience with a chronicle disease and in her wish to create an artistic experience that calls upon honest conversations about the journey of life. In a world where human worth seems to be measured by the waist size, the art installation is a contribution to reflection on how man can also seek mental and spiritual endurance, patience and strength. “In Sight of Heaven” does not necessarily provide new knowledge about illness, but it invites you to see human experience in a vaster context.
Spennende og interessant å lese om prosjektet i VL i dag! Dette er et tema og en side ved menneskelivet som trenger å belyses og kommuniseres på alle mulige måter. Høres ut som dere har funnet en form som taler til sansene, til kropp, sjel og ånd. Vakkert! Håper å få sett installasjonen i løpet av sommeren. Om den da ikke tar seg en tur østpå? Lykke til!
Beste hilsen
Merete
http://www.tropos.no
Tusen takk for det! Ja, det er bare å ta turen til Bergen i sommer. Foreløbig er det ingen konkrete planer om utstilling østpå, men vi er åpne om noen melder interesse!
Jeg fikk se hele museet og prosjektet ditt 16. mai. Det var svært interessant og gripende. Gratulerer med et meningsfullt prosjekt med mye spennende symbolikk. Min respekt for de kronisk syke er blitt mye større. Lykke til videre! Beste hilsen Asbjørn
Takk for det, Asbjørn! At prosjektet kan bidra til større forståing for kronisk sjuke er verkeleg godt å høyre – særøeg for alle dei som har «usynlege» plager.